onsdag 25. juni 2008

Nesten rein under nasen



..... og museflettane på halv åtte. Ja, då veit ein at dagen har vore bra.

lørdag 21. juni 2008

Endeleg litt oppdatering





Dagane flyr. Det går i eitt. Me nyt kvardagen i lag med ungane.

Ei venninne fekk ei lita prinsesse forrige veke, og enkvar prinsesse med respekt a\for seg sjølv må ha ein prinsessekjole.


Oppskrift frå lanett baby 0612.Strikka med 200 gram Aprikos 4101.




Eg har 3 babysett liggjande som ikkje har vorten avbilda enno.
Kvifor?

Fordi det er så ufatteleg kjedeleg å sy knappar i bukser og jakkar.

Skal prøve til veka.

søndag 9. mars 2008

Stort babyteppe av BabySilk


Dette er eg så utruleg nøgd med. 2028 masker vart lagt opp for litt over 2 veker sidan, og her er resultatet.
Denne oppskrifta og dette garnet bestilte eg hjå www.maudsgarn.no. Garnet er Babysilk og utruleg mjukt! Oppskrifta er frå boka "Strikk til Baby", frå Du store alpakka.
Det gjekk med nesten 9 nøster . Eg trur teppet kom på ca 600 kroner med oppskrift og alt. Ganske dyrt garn, men oh så lekkert!

Det øverst i biletet er ein Lypsyl. Fnis.

torsdag 14. februar 2008

Oh, happy day!

Sjå kva som kom i posten i går og i dag!
Heftene er til og med MED oppskriftar sidan To Damer ikkje har vore så nøye på det på heimesida. Takk til dei.

Fordi eg fortjener det.

søndag 10. februar 2008

Ein gensar til


Eg ser at storparten av tinga er har laga i det siste er gensarar. Vel, her er ein til. Denne var et skikkeleg nøgd med.

Den er strikka i SMART og er frå siste SMART barn-heftet.


lørdag 9. februar 2008

Ein hentedress


Denne er strikka i Viking sitt babygarn. Det var heilt frykteleg å strikke med, men dressen er nydeleg mjuk.


søndag 3. februar 2008




Endeleg fann eg overføringskabelen att.
Diverre vart litt av det siste strikka stole frå oss då vi var i Oslo på Disney on ice.
Men her er ihvertfall litt av det siste.

To VM-gensarar, eit hentesett til ein ufødd liten gut og luer til familien min.

onsdag 24. oktober 2007

3 julegåver i boks

Jubileumsgensere til Dale. Strikka i Falk og til mor mi til jul. Eg tippar ho vert glad.






Kronegensarne er frå Sandnes og er strikka i Smart. Dei var kjempegreie å strikka og passar nok fint til ein 7-åring og ein 5-åring.




fredag 21. september 2007

Det er ei stund att, ja?


To slike må lagast til jul også?
Mon tru om ikkje den vert fin i rosa til min mor. :)

Ikkje alt er morosamt- sjå berre her



Tynne pinnar og tynt garn. Jakke frå... Mandarin Petit trur eg det var.

Det byrjar å haste. 5åringen dreg til Egypt med mommo og besten om ein måned.


Kronegensarar til to prinsessar


Dei var i eit vekeblad for nokre veker sidan, og eg bestemde meg straks for at 5 og 7-åringen skulle få kvar sin til jul.

I skrivande stund har eg berre to armar att, så er dei ferdige.

Bamsejakke




Åh, du heilage jul. Denne var tidkrevande. Ikkje det spøtt vanskeleg, men mykje "putl". Oppskifta er frå Debbie Bliss og garnet er Baby Cashmerino.


Eg vart ganske nøgd, sjøl om eit par av bamsane ser noko "skeive" ut.


Barnehagegenser og bukse



Mønsteret er tatt ut fra Dyreparken- Apegensaren. Eg forenkla den litt, sidan den tross alt kun skal nyttast i barnehagen og under varmare klede.
Eg skreiv namn og initialar på kleda. Berre for sikkerhets skuld. Fnis


Endeleg ein skikkeleg blogg

Eg prøver ihvertfall.
Håpar eg kan glede dykk med min hobby. Kanskje kjem det anna enn strikketøy og. Me får sjå!